Det seier ordførar Anders Riise (H), Truls Håbakk (Frp.) og Kristian Fuglseth (Folkelista for Hareid kommune).

Anders Riise vedgår at han hadde håpa på eit litt betre resultat for Ålesund, men understrekar at han ikkje er skuffa.

- Eg er Hareidspatriot, og det har eg alltid vore. Valresultatet er heilt tydeleg. Folk vil ha Hareid åleine, og det må vi berre akseptere, seier Riise.

Framstegspartipolitikar Truls Håbakk er mest skuffa over valdeltaking som samla sett vart på 42 prosent.

- Men når 72,6 prosent vil at Hareid skal halde fram som eigen kommune er resultatet så tydeleg at kommunestyret er nøydde tilrå Hareid kommune, seier Håbakk.

Han slår fast at Hareid Framstegsparti gjekk til val blant anna på at dei ville vere positive til ei kommunereform, og at dei ville gå inn for det som var folkeviljen.

- Venstre har mist kontakta med grasrota

Varaordførar Kristian Fuglseth og Folkelista for Hareid kommune har hatt Hareid som eiga kommune som ei av flaggsakene sine. Men Fuglseth understrekar at dei har vore lojale mot prosessen som Hareid kommune har gjennomført på ein god måte.

- No har folket sagt sitt. Dei ønskjer at Hareid skal halde fram åleine. Folk har rett og slett ikkje trudd på ideen om at større blir betre, og med meir lokaldemokrati. Tvert om, folk har forstått at det fort kan føre til meir sentralisering. Etter mi meining har Venstre mist kontakta med grasrota, og gått over til å bli  byparti, kommenterer Fuglseth.

Dei tre koalisjonspolitikarane frå Høgre, Framstegspartiet og Folkelista i Hareid er samde om ein ting, valresultatet er tydeleg, og må føre til ei tilråding i tråd med dette.

Og så tek ordførar Anders Riise og varaordførar Kristian Fuglseth tak i hendene til kvarandre (Håbakk var ikkje komen), og gratulerer kvarandre med ein god prosess - og eit tydeleg resultat.

Slik var resultatet i alle krinsane: