Politiet på Sunnmøre melder at aggresive ungdomar natt til fredag gjekk til angrep på ein mannsleg bilførar i Ulsteinvik sentrum. Politiet skriv på Twitter at forholdet blir anmeldt. Ifølgje Smp.no stadfestar politiet at dei involverte ungdomane skal vere russ.
Også i Fosnavåg har det gått hardt føre seg, der ein bustad og ein bil har blitt utsett for skadeverk i løpet av natta. Politiet melder at fire personar er identifisert og vil verte anmeldte. Også her skal det vere russ som er involvert.