Torsdag denne veka hadde 13 kommunar på Sunnmøre folkerøysting om kommunereformen. Resultatet i ni av kommunane vart at dei vil stå aleine. Ålesundordførar Eva Vinja Aurdal (Arbeidarpartiet) er tydeleg skuffa over resultatet. Ho ivrar for at fleire kommunar bør slå seg saman med Ålesund. Til Klassekampen seier ho at ho meiner kommunalminister Jan Tore Sanner bør bruke tvang.

– Eg håpar Jan Tore Sanner tenkjer på andre ting enn å vinne valkampen neste år: at han er konsekvent og myndig og nyttar dei verkemidla som er nødvendige, nemleg tvang, seier Aurdal til Klassekampen.

Hareidsordførar Anders Riise har også ivra for at Hareid skal bli med i ein storkommune med Ålesund, men han har ikkje same konklusjon som Aurdal. Tvert i mot meiner han at ein må respektere folkerøysinga. Berre 11 prosent av dei som røysta i Hareid vil slå seg saman med Ålesund, 73 prosent vil halde fram som eiga kommune.

- Skal ein bruke tvang i ein slik reform bør det ikkje vere eit knapt fleirtal på Stortinget som står bak, ikkje berre Sanner. Då bør både Arbeidarpartiet og Høgre vere samde. Men han meiner Stortinget bør respektere vala kommunane har tatt.

Aurdal har moderert seg

Eva Vinje Aurdal har i dag gått ut i Sunnmørsposten og moderert utsegna sine. Ho vil ikkje hevde at ho var feilsitert, men at det kom noko sterkare ut enn det ho gav uttrykk for. Ho ser helst at Sanner lokkar med økonomiske gulrøtter.

– Det er klart at i Noreg har me meir tru på at ein skal gifte seg av kjærleik, og at tvangsekteskap er noko ein bør unngå. Eg tenkjer at det kanskje kan finnast gode fornuftsekteskap, seier Aurdal til Sunnmørsposten og legg til at tvang ikkje lyd som god musikk i i hennar øyre heller.

Samstundes tek ho ikkje avstand frå det.