Dommen vart avsagt i Sunnmøre tingrett mandag 25. april.

Fengselsstraffa er altså på tre år, men eitt av åra er utsett med ei prøvetid på fire år. Han får også frådrag på 183 dagar, som alt er sona i varetekt.

Med i dommen er også at han må tole inndraging av 23 haglpatroner, tre Batanga-knivar, ein batong , ein slåsthanse og eit SP1000 elektrosjokkvåpen.

Bakgrunnen for den lange fengselsstraffa er mange tilfelle av narkotikamisbruk, innbrot og tjuveri i Ulstein, Ørsta, Herøy og Hareid. Blant anna fleire båttjuveri.

Han har køyrt bil i ruspåverka tilstand, utan gyldig førarkort, og han er ved fleire høve teken for oppbevaring av av til dels store mengder narkotika.

Mannen har forklart at han heilt frå ungdomsåra har hatt problem med rus, og at alle forholda han er tiltalt for har skjedd medan han var påverka av rusmiddel. Han klarte å halde seg rusfri ein lang periode, og var nesten klar for å få førarkortet tilbake, då ei av handlingane skjedde. Etter det tiltok problema.

Plukka fleinsopp ved Golfklubben

Ein haustdag i fjor tok han seg ein tur til området ved Sunnmøre Golfklubb for å plukke fleinsopp. Han gjekk inn i lokala til klubbhuset og fann ulike gjenstandar, men vart overraska av ein mann inne i huset. Han la mannen i bakken, og stakk av. Dagen etter drog han tilbake til golfklubben og tok med seg gjenstandane han hadde samla saman. Han var ikkje åleine, og gjenstandane vart tatt med til ein båt som han disponerte. Ein del av gjenstandane vart funne av politiet dagen etter.

Stal hjortehovud

Blant sakene som han stal i lokala til Golfklubben var eit hjortehovud og vin frå eit vinskap som han øydela då han braut det opp.

I tillegg til fengselsstraffa og inndraginga av våpen og haglpatroner, er han også dømd til å betale Møretrygd Gjensidige Forsikring vel 39.000 kroner, Sunnmøre Golfklubb vel 33.000 kroner - og ein båteigar 4000 kroner.

Dommen var samrøystes.