Traileren var på veg frå Spenncon til Ulsteinvik med ferdigstøypte betongvegger. Truleg fekk lasta overbalanse i den slakke svingen på Leira, og dette førte til at hengaren velta av trekkvogna. Ei kran frå ein nærliggjande byggeplass vart rekvirert til oppryddingsarbeidet. Det var mogleg å passere ulykkesstaden, vegen vart ikkje stengd. Halvannan time etter at uhellet skjedde var eit nytt vogntog på plass for å ta med seg lasta, og då kunne arbeidarane setje hengaren på hjula att.

Store betongveggar låg i grøftekanten ved gangvegen.
Hengaren låg på sida i vegbana på Leira.