Det melder selskapa i ei pressemelding.

Evomec er lokalisert i Tjørvåg (produksjon) og Myrvåg (administrasjon) med 28 fast tilsette medarbeidarar, medan Saunes og Helseth Maritim AS (SHM) har base i Ulsteinvik med 5 tilsette.

I pressemeldinga heiter det at samanslåinga blir gjort for å "danne eit meir slagkraftig selskap som med sine produkt vil kunne tilby marknaden meir komplette løysingar innanfor skipsutstyr"

Evomec er leverandør av komplette handteringsløysingar for den maritime næringa, med SHM driv agenturverksemd og trading, og representerar 10 internasjonale leverandørar av skipsutstyr.

SHM jobber innenfor trading og agenturvirksomhet og representerer 10 velrenommerte internasjonale leverandører av skipsutstyr.

Leiinga i selskapa satsar på å organisere det nye konsernet slik at tradindavdelinga blir tufta på SHM og systemavdelinga på Evomec. Alle noverande tilsette i dei to selskapa vil halde fram i stillingane sine.

Trond Myklebust (Bourbon Offshore Norway) er tilsett som konsernsjef, Ottar Jan Mork fra samme selskap blir ny finansdirektør (CFO) og Torkjell Ringstad som markedsdirektør.

Sydvestor er rådgjevar og tilretteleggar for fusjonen. Dei vil også hjelpe til i arbeidet mot ein emisjon for å ruste det nye selskapet til å møte marknaden.

Leiinga i det nye selskapet seier dei satsar på å bli ein sentral aktør i den maritime klynga på Vestlandet, i Norge og globalt.

Trond Myklebust er tilsett som konsernsjef i det nye selskapet. Foto: Anne Gry Eilertsen