Når Hareid Ølutsal legg ned 1. desember, blir det sal av øl over disk i alle dei tre daglegvareforretningane i kommunen. Foto: Anne Gry Eilertsen

Både Eurospar, Bunnpris og Coop ønskjer å ha "øl og alkoholhaldig drikke" i vareutvalet sitt når monopolet Hareid Ølutsal bilr lagt ned 1. desember.

Rådmannen tek atterhald i at politiet har positiv tilråding og at dei som har med salet å gjere i dei ulike butikkane har greidd "Kunnskapsprøva".

Salstida vert sett til kl. 10-20 på kvardagar og klokka 10-18 på dagar før søn- og helgedagar, med unntak for dagen før Kristi Himmelfartsdag.

Dei tre forretningane har meldt inn ein styrar og ein avløysar for salsløyvet:

Eurospar har Vigdis Baade som styrar og Wenche Edvardsen som avløysar.

Bunnpris har Lars Tore Stokke som styrar og Linda Teigene som avløysar, medan Grete Elvanes er styrar for løyvet på Coop, med Grete Bugjerde Hareide som avløysar.

I saksutgreiinga til formannskapet skriv rådmann Grytten at han vanskeleg kan sjå at kommunen kan avgrense salsløyvet til ein enkelt butikk. Dei tilrådde salstidene er elles dei same som i Ulstein kommune - og innafor reglane i alkohollova.

Løyveperioden kan maksimalt vere på fire år, med opphøyr 30. juni året etter neste kommunestyreval. Sidan det er kommuneval hausten 2011, tilrår rådmannen at løyva gjeld i første omgang til 30. juni 2012.