Slik såg det ut i Botnen i Ulstein onsdag ettermiddag Foto: Robert Hildre

Politiet opplyser at jordraset truleg har følgt elva, og at det også kom ein del stein ned til vegbana på riksveg 61.

Men raset sperra ikkje heile vegbana, og folk som kom til staden tok på seg oppgåva med å dirigere bilane forbi – før politiet og Mesta kom fram.

Odd Kåre Wiik ved teknisk etat i Ulstein opplyser at dei var ferdig med oppryddingsarbeidet litt før klokka 16.30, og at trafikken frå då av har gått som normalt.

Faren for nye ras skal ikkje vere stor.

Raset frå ein annan vinkel Foto: Robert Hildre