I samarbeid med Kaffikari inviterer Musikklaget ULF til årets Ompafest. Laurdag 16.oktober flyttast "tyrolleri og ra" frå Bayern til Ulsteinvik.

Kaffikari omformar seg til ei ekte Bierstübe, der det vil bli servert både ompamusikk, allsong og ekte bayersk drikke og festmat!

Ompafesten er inspirert av den tradisjonelle tyske oktoberfesten, som fyrste gong vart avholdt 12.oktober 1810 i München. Ølfestivalen vart arrangert til ære for ekteskapet mellom Bayern's kronprins Ludwig og prinsesse Therese. Dette vart gjort til ei årlig hending, og er nå ein av verdas største folkefestar!

Oktoberfest er glade menneske i lystig lag. Allsong og jodling rundt bordet med høg seidelsvinging høyrer med, saman med ompamusikk, partylåtar og ekte bayersk festmat. Oktoberfest er haustens store venefest, og kjem no til Ulsteinvik.

Kaffikari og Musikklaget Ulf vil med inspirasjon frå oktoberfestane lage sin eigen ompafest. Ei tyrollergruppe frå Ulf vil stå for ompaen. Dei vil servere kjent musikk som vil få heile kroppen til å svinge. Det vil også bli allsong med lokale tekstar.

Ny pølse frå Budevoll

Kaffikari Bierstübe vil servere øl, saman med ekte ”sauerkraut” og ”bratwurst”. I høve anledninga vil det også bli laga ei ny og spanande pølse frå Brudevoll. Denne vil heretter bli kalla ULFpølsa.

Bli med på årets ompafest på Kaffikari, og finn fram lederhosen, dirndl og tyrollerhatt!

Vær rask, dette blir skøy!