- Som i fjor, vert det to kveldar på Kaffibaren i Ulsteinvik, med nye fjes og gamle kjenningar. Det kjem til å verte gjort eit par endringar for året, men dette kjem me attende til seinare, skriv primus motor Geir Sindre Breivik i ei pressemelding, der han legg til: - I år vil me gjerne ha med ein lokal komikar, og i det høvet inviterer me til tekstkonkurranse. Me vil gjerne at dei som har lyst til å vere med, skriv ein stå-opp tekst på mellom ei halv og ei A4 side. Me vil gå gjennom alle tekstane saman med ein jury, samansett av nokre av deltakarane. Den som skriv den beste teksten, får opptre med den ein av kveldane. - Dersom du har lyst til dette, så send ein tekst til oss på epost, enten til geirsindre@skjemtegauk.no eller ageandre@skjemtegauk.no, heiter det i pressemeldinga.