Ein del lurer på kvifor den store julegrana ikkje er tent i år. Vi tok kontakt med oppvekst- og kultursjef Leif Ringstad - for å få svaret på dette. – Mangel på lys har ført til at vi ikkje har sett oss syn med å pynte storegrana. Vi fekk tilbakemeldingar frå folk om at lysa som vart brukte i fjor ikkje var så fine. Dei var blåaktige, seier Ringstad. TEKNISK ETAT Det er oppvekst- og kulturetaten som har teke avgjerda om kva slags gran som skulle tennast, medan det er teknisk etat som har utført arbeidet. For nokre år sidan sponsa næringslivet lys til den store grana. Teknisk etat opplyser at det er desse lysa som no er tekne i bruk igjen. Den grana som no er pynta, er seks meter høg - og lysa dekker henne godt. Dersom ein skulle ha brukt desse lysa på storegrana, ville ein ha fått for få lys. I tillegg er det lettare å pynte den minste grana, for då treng ein ikkje å leige lift. Dette er altså bakgrunnen for at storegrana ikkje er tent i år.
Nyhende →
Ulsteinvik: Storegrana står utan lys
Ein del saknar lys i storegrana på rådhusplassen i Ulsteinvik.