Dette er andre gongen vinmonopolet i Ulsteinvik blir kåra til beste vinmonopolet i regionen. Sist var i 2004. Vinmonopolet har delt opp utsala sine i fire regionar. Region Vest strekkjer seg frå Egersund i sør til Ålesund i nord. Det er totalt 42 butikkar i denne regionen. Ulsteinvik skal no tevle på landsbasis mot regionvinnarane frå nord, sør og aust. Førstepremien er studietur til eit vindistrikt i utlandet. Dette er ein butikk me er stolte av, strålte regionsjef Roy Ove Skjelvik. Regionsjefen fortel til Vikebladet Vestposten at butikken i Ulsteinvik skårar godt på alt dei blir målte på. Kundane er tilfredse, butikken har eit godt vareutval, miljøet på arbeidsplassen er godt og dei gjer god butikk, rosar Skjelvik. Om vinmonopolet i Ulsteinvik blir beste vinmonopolet i landet blir klart til sommaren. I så fall blir det studietur til hausten.

Denne veka vart det mykje kake på dei tilsette på Vinmonopolet i Ulsteinvik.