Hareid Vassverk hentar vatn frå Hammarstøylvatnet. Vatnet blir behandla i vassverkhuset i utmarka på Nesset, og no har Kystlab påvist kor viktig denne behandlinga er: I overflatevatnet på Nesset var det nemleg "ulovleg" innhald av både koliforme bakteriar og e.coli-bakteriar. Kravet til drikkevatn er at slike bakteriar ikkje skal finnast. Etter behandlinga i vassverkhuset var bakteriane borte. Dei nemnde bakteriane vart heller ikkje påviste i høgdebassenget i Melshornlia og tilsvarande anlegg i Brandal, som begge er tilknytte Hareid Vassverk sitt leidningsnett. Overflatevatnet på Nesset hadde også eit kimtal på grensa til det aksepterte: 100 - og fargetalet på 51 var ein god del over det tillatne fargetalet på 20. Etter behandling gjekk kimtalet ned til 20, medan fargetalet gjekk ned til 9.
Nyhende →
Nesset: Drikkevatnet har godt av behandling
Kystlab tok prøver av drikkevatnet i Hareid i perioden 12. til 15. desember i fjor. Analysane viste at det vatnet kommunen tek ut på Nesset har godt av å bli behandla.