Inne i lokalet er det no yrande aktivitet. Arbeidsfolk er i ferd med å skiferlegge peisen midt i restauranten, og snart skal parketten på golvet også på plass. Det glinsande, mørke taket er fjerna og i staden har det kome eit kvitt tak som gir lokalet meir luft og lys. Bak omskapinga står interiørarkitekt Nils Erik Skeide i selskapet Dfy, medan møblane er laga av Kvalsvik Trevare. Tida for diskotekt på Hareid Hotel er definitivt over. Vi vil tilbake til den perioden då folk gjekk ut på Hareid Hotel for å ete, slår Skodjevåg fast. Med Willy Solvang som kjøkkensjef er det borga for kvalitetsmat. Solvang har vore tilsett ved prestisjerestaurantar i hovudstaden, og på menyen vil det stå både lavasteikte biffar med peparsaus, lokale rettar og signaturrettar som folk skal hugse og lengte etter på nytt. Til dømes blåskjel- og vaniljesuppe med timianbrød - eller kvit bacalao. Restauranten blir open frå onsdag til og med laurdag, pluss søndagsbuffet på kviledagen. Men Skodjevåg understrekar at dersom det er bedrifter eller privatpersonar som gjerne vil ha mat til grupper på måndag og tysdag, så opnar dei gjerne desse dagane også. Vi er fleksible, legg han til. I tilknyting til restauranten blir det ein lobbybar som skal halde ope fredag- og laurdagskveldar, og i denne baren blir det servert enkle smårettar.

Ny konferanseavdeling

Men det er ikkje berre restauranten som står fram i ny ham. Markandssjef Wenche Jøsok fortel at det no blir bygt to konferanserom med moderne teknisk utstyr, og to ny grupperom ved hotellet. Kurs- og konferansemarknaden blir stadig større. Og vi har merka oss at det er fleire enn tidlegare som vil ut av ålesundskjernen når dei skal halde kurs- og konferansar. Då ligg Hareid Hotel lagleg til like ved ferjekaia, slår ho fast. Ombygginga gjer at Hareid Hotel ved å opne og lukke skyvevegger kan servere selskap på opp til 150 personar i eitt rom, eller ha fire selskap samtidig. Kvar med grupper på opp til 50 personar. Når ombyggingsarbeidet i restauranten og konferanseavdelinga er avslutta, startar arbeidet med å renovere dei 30 gjesteromma ved hotellet. Hittil i år har belegget ved hotellet samla vore på 64 prosent, noko som blir rekna som svært bra. Til samanlikning er belegget ved ålesundshotella på 61,6 prosent. At Quality Hotel Ulstein tidleg i sommar opna nybygget sitt i Ulsteinvik sentrum, ser ikkje hotelleiinga på Hareid som nokon ulempe. Vi samarbeider. Det viktigaste for oss begge er at vi demmer opp mot flukt av gjester og konferansar til fastlandet og byane. Ved hotellet i Ulsteinvik har dei 200 konferanseplassar, men 90 rom. Då ligg det i korta at vi kan vere eit alternativ for overnatting. Men skal vi vere eit alternativ, må romma ha same standard som i Ulsteinvik. Derfor oppgraderer vi, forklarer Skodjevåg. Dei to siste åra har Hareid Hotel servert dagens middag til arbeidsfolk og andre svoltne i eigen restaurant like ved resepsjonen, og dette tilbodet vil halde fram som før.