Hødd Fotball ved dagleg leiar André Nevstad har søkt Ulstein kommune om fritak eller tilskot tilsvarande det kommunale gebyret dei fekk då dei bygde Ulsteinhallen. Frivillige lag og organisasjonar får 50 % rabatt på kommunale gebyr, så rekninga låg på 18 484 kroner.

Likskapsomsyn

Ut ifrå likskapsomsyn såg ikkje kommuneadministrasjonen at dei kunne imøtegå søknaden frå Hødd. Men varaordførar Olav Sæter (KrF) visste råd. Han foreslo for resten av formannskapet ei løysing i to punkt. Det første punktet sa at kommunen av likskapsomsyn ikkje kunne redusere gebyret. Men som eit neste punkt foreslo han å gje Hødd Fotball ein eingongssum på 20 000 kroner i tilskot for at dei har bygt ein så flott hall. Dette meinte resten av forsamlinga var ei god løysing. Skal me ta det som eit fellesframlegg, spurte ordførar Hannelore Måseide. Nei, er ikkje valkampen byrja då, repliserte Sæter og fekk framlegget sitt samrøystes vedteke.