I bilen sat fire personar, og ein av personane som sat i baksetet klaga seinare på dag over smerter i nakken. Politiet opplyser at det ikkje er mistanke om promillekøyring. Uhellet vart meldt klokka 05.06 18. mars. Kva som er årsaka til uhellet er ikkje klarlagt enno. Vassplaning er ein av teoriane. Bilen måtte tauast bort frå staden.