I tretida natt til tysdag rykte politiet ut til eit bustadhus i Ulsteinvik. Eit ektepar skal ha krangla over lengre tid. Politiet gjekk inn som meklarar og fekk roa paret. Det ende med at paret gjekk og la seg. Meldinga politiet fekk, gjekk ut på at mannen skal ha slått kona si og sonen deira som er i tenåra. Ingen vart alvorleg skadde. Politiet vil følgje opp saka.

Trafikkulukke på Larsnes

Tysdag ettermiddag skal det ha vore så glatt på Øvste Knotten ved Drageskaret på Larsnes at ein bil køyrde utfor vegen og hamna på taket. Ein person vart lettare skadd og køyrd til lege for kontroll.