Harald H. Rise har vore redaktør i Sunnmørsposten i 13 år. For fem år sidan overtok han òg jobben som administrerande direktør. Han har hatt det forretningsmessige ansvaret for Sunnmørsposten, Sunnmørsposten digitale medier, Vikebladet Vestposten, Sunnmøringen, Fjordenes Tidende, Fjordingen, Fjuken og Vigga. I den nye jobben vil Rise få operativt ansvar for fleire lokale mediehus, medrekna Sunnmørsposten-konsernet og for ulike utviklingsprosjekt i Edda Media. Eg ser det som ei stor utfordring å bli ein del av toppleiinga i eit av Noregs fremste medieselskap. Fundamentet i Edda Media er sterke lokale og regionale mediehus med unike posisjonar i områda sine. Eg ser fram til å vere med på ei vidareutvikling av desse, ikkje minst med sikte på å sikre dei like sterke posisjonar i digitale medie i framtida, kommenterer Rise.

Vil bu i Ulsteinvik

Harald H. Rise seier til Vikebladet Vestposten at han vil halde fram med å bu i Ulsteinvik. Det er familien samde om. Rise stilte som føresetnad for å ta jobben at han får bu her. Det praktiske rundt korleis han skal organisere arbeidskvardagen er ikkje heilt på plass. Han vil få hovudkontor i Oslo hjå Edda Media, men vil nok kunne gjere ein del frå eit eventuelt kontor i Ålesund og/eller heime. Familiefaren er innstilt på ein del ekstra reising i den nye jobben. Både til Oslo og reising for å besøkje dei ulike mediehusa rundt omkring i landet. Når han skal ha det overordna ansvaret for dei, bør han og reise rundt og få innsikt i dei. Det er uvisst når Rise tek til i den nye jobben. Risa vil ikkje byrje som konserndirektør i Edda Media før dei har funne gode nok ordningar for Sunnmørsposten. Så fort som mogleg vil Sunnmørsposten no setje i gang prosessen med å tilsetje ein ny ansvarleg redaktør. Når redaktøren er på plass, vil dei arbeide for å finne nokon til den merkantile delen.

Konsernleiinga

Administrerande direktør Jan M. Moberg i Edda Media er glad for at Harald H. Rise no blir ein del av konsernleiinga. Rise er ein røynd medieleiar med brei kompetanse både på det forretningsmessige og det redaksjonelle området. Dette er viktig med tanke på dei omstillingsprosessane me står overfor i norske media i dei komande åra, rosar Moberg. Han peiker på at konsernleiinga i Edda Media med å tilsetje Harald H. Rise og Hans Arne Odde, vil få fire personar i leiinga som har brei redaksjonell kompetanse og røynsle. Det er berre ei kvinne i konsernleiinga. Det er Vivi Nyseter. Resten av leiinga, forutan Harald H. Rise, er Jan M. Moberg, Karl Gunnar Opdal, Hans Arne Odde, Ulf Petter Bjønnes, Per Suseg, Roar Larsen og Stig Finslo.