Nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen, som også styrer Fiskeri- og kystdepartementet, skal sjå på verdiskapinga innanfor skipsbygging, skipsutstyr, offshore-/servicefartøy, kystvakt, fiskeri og mottaks- og foredlingsindustri for fisk og oppdrett. Første bedrifta statsråden skal innom er Global Liavåg i Hjørungavåg, som tek imot og foredlar sild og makrell. Deretter går turen til Ulsteinkonsernet og Rolls-Royce Marine i Ulsteinvik. I Herøy er det Marine Harvest, verdas største lakseslakteri, han skal sjå på. Deretter går turen til fiskerestauranten Maki i Fosnavåg. Mellom maten skal statsråden få ein presentasjon av Maritim Forening for Søre Sunnmøre og Fosnavåg Shippingklubb. Etter matykta blir det ope møte i lokala til Nordea Bank i Fosnavåg, der statsråden skal innleie om regjeringa sin nærings- og fiskeripolitikk.