Ein storkoalisjon av Arbeidarpartiet, Venstre, Kristeleg Folkeparti, Høgre og Framstegspartiet var samde om budsjettopplegget før møtet. Storkoalisjonen sette av midlar til å starte både prosessen med bygging av spelplass for Hjørungavågspelet ved Overåsanden og renovering av Hareid stadion, med fast dekke for friidrett som hovudsatsing. Folkelista ville ikkje setje i gang desse prosjekta no, men poengterte at dei ikkje var imot dei. Dag Audun Eliassen frå Folkelista viste til at pleie- og omsorgsetaten i kommunen hadde dokumentert ein manko på 3,2 mill. kroner. Denne mankoen vil føre til nedlegging av tenester i ei tid då talet på eldre vil stige. Folkelista talte også for gjeninnføring av kommunal drift av Brandal skule – utan at det gav gjenhør hos andre enn dei sjølve. I alle avrøystingane vart Folkelista ståande åleine, og synest dermed å ha teke over den opposisjonsrolla som Framstegspartiet har hatt i kommunen.