Saman med leiarar frå næringslivet var ordførarane og rådmennene på Sunnmøre samla i Geiranger torsdag og fredag for å diskutere kva som må til for å byggje eit robust og framtidsretta Sunnmøre. Ordførar Gunn Berit Gjerde var til stades på møtet og ho seier til Vikebladet Vestposten at den einaste ordføraren som signaliserte ein viss skepsis til å slå saman dei to regionråda på Sunnmøre, var voldaordførar Ragnhild Aarflot Kalland. Kva tid dei to regionråda skal slå seg saman er ikkje avgjort, men det skal jobbast aktivt for at det skal skje raskt. Målet med samanslåinga er å få ein felles utviklingsstrategi og ei betre marknadsføring av heile Sunnmøre. Bakgrunnen for den nye modellen er den ti år gamle Haram-modellen som baserer seg på eit gjensidig samarbeid mellom næringsliv, kommune og skulane i Haram.