Plassert midt i smørauge i sentrum av Hareid opna Røyset Sko butikken for kundane sine onsdag. Med 76 års historie som skobutikk i Kjøpmannsgata er det med blanda kjensler dei flytta. - Vi er veldig fornøgde med plasseringa. Lyst og fint, med god oversikt i butikken. Men det var spesielt å flytte ifrå Kjøpmannsgata. Vi ynskje oss tilbake igjen dit, og vil gjerne vere med på å lage nytt liv der, fortel Hilde Kirkebø Bjåstad. Det vil ikkje vere noka forandring korleis dei driv butikken. Dei vil halde fram som før som kjedefri butikk, der dei handplukkar varene sjølv. Kirkebø Bjåstad fortel at dei har ein trufast kundekrins, og har merka ein auke ifrå Ulsteinvik. Eg har veldig lyst å takke Hareid skulekorps. Eg leigde dei til å hjelpe med flyttinga, og dei har verkeleg gjort ein kjempeinnsats. Foreldra la ned enormt med arbeid og fortener stor takk, smiler Bjåstad.