Fiskeridirektoratet region Møre og Romsdal (FdirMR) trekte for ei tid tilbake akvakulturløyvet som Hadar Skjel har fått ved Laupsneset.

Hadar Skjel sende inn klage på vedtaket, og saka enda til slutt hos Fiskeridirektoratet i Bergen.

Der vart vedtaket som gjeld tilbaketrekking av løyve til å dyrke blåskjel ved Laupsneset trekt tilbake. Men direktoratet held fast på at Hadar Skjel ikkje skal få dyrke stort kamskjel og østers i dette området.