Tala, som er publisert av Statistisk Sentralbyrå, viser at Ulstein framleis har ei sentral stilling som handelssenter. Omsetninga pr. innbyggar i 2009 var på kr. 95.805,-. På 2.-plass på Søre Sunnmøre kom Volda med 69.006,-. Så hadde Ørsta 66.848,-. Vidare hadde Vanylven 53.382,- - Herøy 48.466,- - Hareid 33.698,- og Sande 24.311,-.

Den nominelle framgangen var størst i Volda, der handelen auka med 29 mill. kroner. I Ørsta auka handelen med 10 mill., i Herøy og Hareid med 4 mill., i Vanylven med 2 mill. - medan handelen gjekk tilbake med 22 mill. i Ulstein og med 1 mill. i Sande.

I rein omsetning er rangeringa no mellom kommunane på Søre Sunnmøre slik:

Ørsta 682 mill.

Ulstein 676 mill.

Volda 587 mill.

Herøy 405 mill.

Vanylven 187 mill.

Hareid 162 mill.

Sande 62 mill.