Fredag arrangerte Dysleksiforeininga på Sunnmøre eit kurs for lærarar og PPT- tilsette. Kurset gjekk føre seg på hotellet i Ulsteinvik og rundt førti personar deltok. Foredragshaldar Arild Sjøgren frå Bindalprosjektet meiner det er viktig med tilrettelegging for elevar med lese – og skrivevanskar. – Ein må ikkje la desse elevane verte eit problem i klasserommet. Det er viktig å la barna verte sjølvstendige, og det kan ein få til ved bruk av hjelpemiddel, meiner Sjøgren.

Digitale hjelpemiddel

Foredragshaldar Laila Brandsdal Johnson presenterte ulike typar digitale hjelpemiddel. Det finst til dømes talesyntese, retteprogram, elektroniske ordbøker, tankekart, bokskanner, mobil skanner og skanner som ein held med handa. – Hos oss snakkar vi gjerne om tida før og etter dei digitale hjelpemidla, fortel Brandsdal Johnson. Ho har dysleksi sjølv, i tillegg har ho fire barn som har dysleksi. – Eg vil gjerne vise korleis ein kan bruke talesyntese i kvardagen både på fritida og i skulearbeid. Talesyntese er eit program som kan lese tekst på data, forklarer Brandsdal Johnson.

Talesyntese

Talesyntesen fungerer slik at ein merkar teksten på dataskjermen. Deretter kan talesyntesen lese opp den aktuelle teksten. Ein kan velje mellom fleire ulike språk og ein kan regulere kor fort teksten skal verte opplesen. – Barna får til dømes leksehjelp i engelsk ved hjelp av talesyntesen "Emily", fortel ho. Ho trur dette kan vere til hjelp for mange. – Ein snakkar ofte om elevar som er skuletrøtte. Eg trur eigentleg desse elevane er trøtte av å ikkje lære. Vi har sett fantastiske resultat. Barna slepp å gå rundt med ein klump i magen og å vere redde for å ikkje få det til, fortel ho.

Vonde minne

Brandsdal Johnson har sjølv erfart korleis det er å ha dysleksi. – Eg har fortrengt mesteparten av minna frå skuleåra, men eg hugsar at det var mobbing og at eg vart latterleggjort av læraren, fortel ho. Kvar gong ho fekk karakterboka var der eit spenningsmoment. – Eg hugsar at eg vart letta dersom der stod "flyttes opp ett trinn". Det betydde at eg slapp å gå skuleåret om igjen, fortel ho. Hennar redning vart Røde Kors. – Då eg vart med i Røde Kors som 14-åring, innsåg eg at eg faktisk hadde gode sider som eg kunne bidra med, seier Brandsdal Johnson.

Hjelper andre

No er Laila Brandsdal Johnson leiar for Dysleksiforeningen i Vestfold. Ein del av jobben hennar er å presentere datahjelpemiddel for andre. – Det finst mange hjelpemiddel som kan bidra til å gjere kvardagen lettare for både barn og vaksne. Faktisk så er det rundt 30 prosent som slit med lesing og skriving. Kvar fjerde vaksne slit seg gjennom arbeidskvardagen, fortel ho. – Kor tidleg kan ein oppdage lese- og skrivevanskar? – Det kan faktisk oppdagast allereie i 3-4-årsalderen. Problemet er at mange seier: "Vi får vente å sjå." Det går for lang tid før mange får hjelp, meiner ho.

Mange ulike former

Det finst mange ulike former for dysleksi. Det er difor viktig å kartleggje kva personen synest er vanskeleg og deretter tilpassa hjelpemiddel etter det. – Nokre har problem med lesing og skriving, andre har problem med tal, medan nokre har problem med alt. Dersom ein har hundre dyslektikarar vil ein ha hundre ulike typar dysleksi, seier ho. Dersom ein treng hjelp, kan ein ta kontakt med Dysleksiforbundet. Dei har ei eiga heimeside på Internett og her kan ein også finne linkar vidare til lokallaga.

Bak frå venstre: Bjørn Melsæter (fylkesleiar i Møre og Romsdal dysleksiforeining), Katrin Dahlstrøm (leiar i dysleksiforeininga på Sunnmøre), Ina Blindheimsvik (styremedlem i dysleksiforeininga på Sunnmøre). Framme sit: Laila Brandsdal Johnson (leiar av Dysleksiforeningen i Vestfold) og Arild Sjøgren.
Rundt 40 personar deltok på kurset som var i Ulsteinvik.