Allereie ein time før opninga var Sjøgata, som er flytta til Youngstorget i høve cupfinalen, full av folk. Lokale verksemder, Ulstein kommune og Hødd var alle på plass for å slå av ein prat.

Les alt om cupfinalen

Kaffikari baud på ymse variantar av nylaga kaffi. Brudevoll kjøt lokka med mår i brød. Fantastiske Osberget med svele. Sunnmørsposten og Vikebladet Vestposten med fersk avis. Sjøgata på Youngstorget vart raskt ein suksess.

Sjå bilde frå Sjøgata over, og les meir om opninga av cupfinalefesten i papirutgåva av Vikebladet Vestposten laurdag.