I fjor fekk kommunane støtte til sommartilbod for skuleelevar. Både Hareid og Ulstein fekk pengar til dette føremålet, og organiserte populære tilbod for borna i kommunen.

Utdanningsdirektoratet ønskte tilbakemelding på korleis pengane var brukte, og korleis det hadde gått med sommarskuletilbodet. Ulstein kommune hadde brukt opp alle pengane, men Hareid kommune hadde att litt over 30 000 kroner, så dei pengane må dei betale tilbake.