Hareid kommune sine nettsider går det fram at personen som kom på besøk ikkje hadde uniform, men bad om å få kome inn for å sjå på huset. Huseigaren sleppte ikkje inn vedkomande og får støtte i dette frå brannsjefen i Hareid og Ulstein Brannvesen.

Olav Helt Brubakk seier til kommunen sine nettsider at huseigaren si magekjensle var heilt rett og at det ikkje er slik brannvesenet opererer.

– Dette var ikkje oss. Vi går aldri på tilsyn utan å varsle først. Vi vil også vere uniformerte og ha uniformert bil når vi kjem på tilsyn, seier han til Hareid kommune sine nettsider.

Brubakk legg til at det er straffbart å gje seg ut for å vere offentleg tenestemann og han reagerer difor kraftig på at nokon misbruker brannvesenet si rolle.

Ifølgje Hareid kommune er politiet tipsa om saka og Møre og Romsdal Politidistrikt ønskjer å få vite det dersom fleire har fått denne typen besøk, der det er mistanke om at nokon gir seg ut for å vere andre enn dei er.

Hareid og Ulstein Brannvesen omtalar også saka på sine facebook-sider. Der skriv dei mellom anna:

– Når vi er ute på tilsyn så sender vi alltid ut sms før tilsynet og avtaler tidspunkt.

– Vi er uniformert. Bilane våre er også uniformert.

– Vi kjem aldri på kvelden, vi jobbar innanfor normal arbeidstid.