Før vinterferien hadde vi passert 100 søkjarar til våre 80 skuleplassar, seier ein nøgd skuleinspektør ved Sunnmøre Folkehøgskule, Arnt Ole Grimstad.

Betre enn i fjor

Grimstad er glad for det høge søkjartalet, og er imponert over at det er endå fleire søkjarar i år enn i fjor. Fjoråret var eit bra år, meinar han. Han veit likevel av erfaring at berre omlag ein av tre søkjarar takkar ja til plassen, så han vil gjerne ha inn endå fleire søknadar framover. I Ørsta er tilstanden like eins, der er òg langt fleire søkjarar enn skuleplassar. Vi har fått inn 190 søknadar til no, og det er det dobbelte av kva vi fekk inn i fjor, smiler rektor ved Møre Folkehøgskule, Odd Steinvåg. Møre Folkehøgskule har husrom til 95 elevar. Vi har bygd om skulen for å få gi eit tilbod til flest mogleg, forklarar han. Tidligare sminkerom har no blitt til elevrom, og 85 av søkjarane her har allereie takka ja til plassen.

80 er passeleg

Ved Sunnmøre Folkehøgskule er målet å gi tilbod til 80 elevar. Sjølv om skulen teoretisk sett har sengeplassar til fleire. Dette er det ideelle elevtalet, meinar Grimstad, og viser til det høge aktivitetsnivået ved skulen. Det er greitt å få med alle elevane i to bussar når vi skal på utflukt. I tillegg vert det lettare å bli kjend med kvar enkelt, forklarar han. Grimstad ynskjer òg mest mogleg balanse i søkjarmassa, både når det gjeld kjønn og linjeval. Når det gjeld søknaden til dei ulike linjene, har søkjarane fordelt seg ganske bra i år, men det er merkbart færre gutar enn jenter på skulen.

Jentene i fleirtal

Ved begge folkehøgskulane er det flest jenter som søkjer, og det kjem elevar frå heile landet. Omlag 67% av søkjarane ved Sunnmøre Folkehøgskule er jenter, og flesteparten er i alderen 19-20 år, kan Grimstad opplyse. Akkurat kvifor det er så mange jenter som søkjer, veit han ikkje. Begge skulane marknadsfører seg sjølve som skular i nærleik til fjord og fjell, med eit høgt aktivitetsnivå. I Ørsta har dei tre linjer for friluftsliv, og dette er dei mest populære linjene ved skulen. Både Grimstad og Steinvåg trur eit godt og allsidig linjetilbod er med på å gjere skulane deira attraktive for søkjarar frå heile Noreg.

Bevisste ungdommar

Trenden er at folkehøgskulane er meir populære no enn før over heile landet, meiner Grimstad å ha oppdaga. Han trur forklaringa er at ungdommane no til dags er meir bevisste på utdanning, dei har meir kunnskap om kva folkehøgskulane tilbyr, og dei er interesserte i eit annleis skuleår. Han håpar at skulen i Ulsteinvik har oppnådd gode søkjartal på bakgrunn av dette, og ikkje det faktum at dei nettopp har flytta inn i nye lokale. Han peikar likevel på at han er glad for dei gode fasilitetane dei har til rådvelde på Varleitet. Vi har fått gode opphaldsrom og bra rammevilkår, skryt han.