Trafikkulukke i Brandal
I ellevetida laurdag føremiddag køyrde ei kvinne i tjueåra utfor vegen i Brandal. Bilen trilla rundt. Føraren skal ha vore sterkt rusa. Kvinna var lettare skadd og vart difor køyrd til legevakta. Politiet kverrsette førarkortet på staden og vil opprette sak på episoden.
Trafikkulukke i Hareid
På strekket Hareid - Hjørungavåg var det ei bilulukke like etter klokka sju fredagskvelden. Ein person skal ha blitt lettare skadd, men ikkje verre enn at han sjølv køyrde til legevakta.