Det er i samband med utfyllinga òg søkt om å byggje ein voll på jordbruksareal, med føremålet å redusere støyen frå verftsområdet mot bustader. Det er òg planlagt oppfylling av tomteområde for betre utnytting av landbruksføremål. Ulstein kommune meiner tiltaka vil gje positive konsekvensar for miljøet. Tiltakshavar får løyve til dette, på nokre vilkår. Mellom anna må eigarane av grunnen tillate utfyllinga i sjøen og opparbeidinga av støyvollen.