SAS Braathen skriv i eit svarbrev til MAFOSS at dei har bestemt seg for å likevel ha avgangar frå Vigra kl. 08.25 på mandagar, tysdagar og torsdagar i perioden 3. juli til 10. august. 8.25-avgangen på onsdagane har det ikkje vore på tale å kutte. Dermed er det berre 0700-avgangane som fell ut dei fem sommarvekene. Då Rødset og medarbeidarane hans i Maritime Forening for Søre Sunnmøre fekk vite om SAS Braathen sine kuttplanar tok dei straks kontakt og forklarte at det var heilt uakseptabelt at ein måtte reise frå delar av regionen klokka 03.00 om natta for å kome seg til Oslo før klokka 12.00. Rødset kravde flyavgangar som korresponderte med snøggbåtavgangane på Hareid - og dette kravet har SAS Braathens no teke til følgje. Morgonflyet 0825 frå Vigra vil dermed kome i tillegg til at SAS Braathens også har ein avgang kl. 0615.