I veke 9 stilte vi dette spørsmålet i nettavisa vår: "Bør hotellet i Ulsteinvik få løyve til å skjenke brennevin utandørs?" Det kom inn heile 355 stemmer. 255 av dei vil gi hotellet løyve. Det svarar til 71,8 prosent, medan 26,8 prosent - eller 95 stemmer - sa nei. Fem av stemmene svarte "veit ikkje" (1,4 prosent). Spørsmålet i veke 10 er dette: "Har kvinnedagen utspelt si rolle?". Du har høve til å gi frå deg stemme fram til og med komande søndag.