Innbyggjarinitiativet for fødeavdelinga håpar å samle inn 600 000 kroner og set sin lit til at helseminister Sylvia Brustad og Helse Midt- Noreg ordnar opp. - Vi planlegg ein bøsseaksjon i løpet av mars, og vil alliere oss med helselag, sanitetar og frivillighetssentralar over heile Søre Sunnmøre, fortel dei til Møre -Nytt.