Arbeidet med vernebygg over "Aarvak" skal starte opp i sommar. Då anbodsfristen var i førre veke var det kome inn to interessentar: Rise Bygg og Kristiseter, sistnemnde med hovudkontor på Åndalsnes og avdelingskontor i Ålesund. Styret for ishavsmuseet hadde sett eit tak på 10 millionar kroner, men irekna moms vil begge tilboda som er komne inn overstige 10 millionar kroner. Styret har likevel gjort vedtak om oppstart av byggjearbeidet. Bygget skal i hovudsak finansierast gjennom fylkeskommunale, statlege og kommunale midlar, men også gjennom støtte frå næringslivet. At Sparebanken Møre fredag troppa opp med ein sjekk på 400.000 kroner, meiner styreleiar Ottar Håkonsholm er fantastisk, og han bukka djupt då banksjef Kirsti Hareide Øvrelid i Sparebanken Møre avdeling Hareid overrekte den symbolske sjekken. Sparebanken Møre har tradisjon med å vere rause med gåver til det lokale kulturlivet. Av overskotet på 274 millionar kroner i fjor, blir 111 millionar kroner sett på fond i Sparebanken. 128 millionar kroner går til Grunnfondsbeviseigarane og 35 millionar kroner til gåver. I 2005 vart det sett av 32 millionar kroner til gåver. Som tidlegare år er det lagt opp til at lag og organisasjonar i fylket kan søkje banken om tildeling. Tiltak som er retta inn mot å betre trivselen for born og unge, er blant dei mest prioriterte områda. Til saman har banken dei siste fem åra gitt gåver for 137 millionar kroner. Kvar region, og kvart kontor får sine midlar dei kan dele ut. Kirsti Hareide Øvrelid opplyser at gåva til vernebygg over Aarvak går av dei sentrale midlane. Etter tilråding frå den lokale banken har styret i Sparebanken Møre, med administrerande direktør Olav Arne Fiskerstrand i spissen, bestemt at Ishavsmuseet Aarvak skal få 400.000 kroner til vernebygg.