I løpet av natta hadde nokon brote seg inn i kaninburet og fjerna kjæledyret hennar som ho har hatt i to år. Familien Angelsen på Holstad er sjokkerte og skuffa over at nokon kan finne på å gjere slikt.

Dårlig gjort

"Kanin-nappinga" må ha skjedd mellom klokka eitt og halv åtte natt til onsdag, medan heile familien låg å sov i huset få meter frå kaninburet. Dei har spurt naboane om dei har sett noko, men så langt har dei ikkje fått inn meir informasjon. Det var mamma som oppdaga at kaninen var vekk når ho skulle på jobb i dag tidleg, seier Therese. Ho er svært skuffa og lei seg over at nokon har tatt med seg kaninen hennar. Det er dårleg gjort! Dei må tenke på at nokon faktisk eig dette dyret, seier ho. Flora Louise er ei hermelinkanin, og ikkje så veldig stor. Dersom nokon har sett ei slik kanin gå laus oppmodar familien vedkommande om å gi beskjed til dei.

Har stått trygt

Sommarburet til kaninen er plassert midt på plenen, og er synleg frå hovudvegen. Kaninen har stått heilt trygt her til no, slår familien Angelsen fast. Dei er heilt sikre på at nokon har planlagt å stele kaninen, og gjennomført innbrotet medan familien sov. Vedkommande har nemleg ikkje teke seg bryet å opne døra i buret, dei har berre sparka inn nettingen ved låsen. Høyet som skulle ligge på høgresida av buret er flytta over til venstre, og der låg hårdottar rundt buret. Flora kan vere litt vanskeleg å fange for andre enn meg, seier Therese. Ho trur tjuven må ha kjempa litt for å få tak i kaninen. Truleg har vedkommande løfta opp buret på eine sida, og tømt kaninen ut frå skjulestaden sin i høyet. Drikkeflaska var dessutan skilt frå buret og låg på plenen. Familien vil oppmode tjuven om å levere tilbake det sårt sakna kjæledyret, og dei synest heile situasjonen er ekkel og unødvendig.