Venstre har i dag tre representanter i fylkestinget - der Gunn Berit Gjerde er den eine.

Før nominasjonsmøett laurdag hadde alle tre sagt ifrå ata dei ønskte å halde fram, men nominasjonskomiteen har lagt opp til kampvotering om 2.-plassen. Iver Nordseth, veteran og velkjend samferdselspolitiker frå Smøla, får kamp av i alle fall Pål Farstad frå Kristiansund. Farstad har ei fortid som leiar i Nordmøre og Romsdal Fiskerlag.

Tradisjonelt skal Romsdal ha 3.-plassen. På denne plassen ville nominasjonskomiteen ha Frøydis Austigard frå Molde.

Også på 4.-plassen delte nominasjonskomiteen seg. Den eine halvparten ville ha Kirsti Dale, Ålesund, medan den andre ville ha Britt Giske Andersen, Giske.

Her er nominasjonslista:

1) Gunn Berit Gjerde, Hareid

2) Iver Nordseth, Smøla/ Pål Farstad, Kristiansund

3) Frøydis Austigard, Molde

4) Kirsti Dale, Ålesund/Britt Giske Andersen, Giske

5) Helge Hamre, Volda

6) Børge Rød, Nesset

7) Ragnhild Helseth, Kristiansund

8) Steffen Falkevik, Ålesund

9) Ingebjørg Eide, Eide

10) Trond Hansen Riise, Sunndal