Då Vickers og seinare Rolls-Royce kjøpte mesteparten av Ulsteinkonsernet i 1999, var det mange som frykta at dei nye eigarane ville redusere talet på arbeidsplassar i Noreg. Denne spådomen har ikkje slått til. I dag er det fleire tilsette i Rolls-Royce i Noreg enn nokon gong. Sidan 1999 har talet på tilsette i den norske delen av Rolls-Royce auka frå 2031 til 2528, ei auking på 25 %. Veksten har skjedd i nesten alle av selskapets 14 avdelingar i 8 kommunar på Sunnmøre og Hordaland. I 1999 var det 430 tilsette i Rolls-Royce i Ulsteinvik, i 2007 er dei oppe i 626 tilsette. Lokalt er såleis veksten på 45,6 %. Veksten har skjedd innanfor dei fleste av yrkesgruppene våre, men det er talet på ingeniørar som har auka klart mest. Og me treng som kjent fleire ingeniørar, seier informasjonsdirektør Arnfinn Ingjerd i Rolls-Royce.

Satsar på kunnskap

Rolls-Royce har brukt mykje pengar på forsking, fortel personalsjef Ingebjørg Rønning på propellavdelinga. Selskapet har langt fleire med doktorgradsutdanning enn tidlegare. Rønning trur ein del i bygda tenkjer på Rolls-Royce som ei produksjonsbedrift, men i dag er det meir rett å kalle dei ei kompetansebedrift. Me satsar på forsking og utvikling av nye produkt, ofte saman med dei lokale kundane våre. Dei siste åra har me mellom anna lansert nye propellsystem, nye kontrollsystem, nye skipsdesign, nye løysingar for sikrare ankerhandteringar på dekk og integrerte bruløysingar for å nemne nokre. Dette skaper ny aktivitet og bruk for fleire tilsette, seier Ingjerd. Rolls-Royce er i Noreg sentrale i eit kunnskapsbasert, innovativt maritime teknologimiljø som har eit globalt fokus. Dialogen med krevjande, gjerne lokale, kundar gjev teknologane våre inspirasjon til nyskaping. Og det er ingenting som tyder på at dette samspelet vil ta slutt. Difor er me òg optimistar for framtida, avsluttar Ingjerd.