Det mest kostnadskrevjande prosjektet er gang- og sykkelveg på strekninga Drammensvegen til Holstadkrysset. Fylket løyver halvparten av kostnaden, og set som vilkår at kommunen også pungar ut med 400.000 kroner. Trafikkregulering ved skulane i Brandal, Hareid og Hjørungavåg er totalt kostnadsrekna til 450.000 kroner, (225.000) på kvar av partane. I tillegg er det løyvd pengar til busslommer og leskur i Brandal, veglys, etablering og sikring av krysningspunkt og fotgjengarovergangar og utviding av fylkesveg med flytting av mur i Hjørungavåg. Kommunen har plikt på seg til å varsle distriktsvegkontoret så snart som råd dersom tiltaket ikkje let seg gjennomføre etter føresetnadene. Kommunen er også ansvarleg for eventuelt meirforbruk på dei ulike prosjekta. Fristen for innsending av sluttrapport er 15. november 2007. Prosjekt som ikkje er utført innan denne fristen, vil i regelen kunne miste tildelinga.