Sula kommunestyre vedtok torsdag å halde fast på Hafast, melder Sunnmørsposten.

- Vi har arbeidt for vegsamband til Hareid i 30 år, og ser ingen grunn til å endre på dette. Det er denne linja som gjev oss flest arbeidsplassar, uttalte Geir Ove Vegsund (H).

Alternativet hadde vore å satse på fjordkryssing i Festøy.

Sula kommunestyre går inn for å regulere og sikre grunnen til vegen Måseide-Vedde-Gåseide, og dei har løyvd 516.000 kroner av disposisjonsfondet til dette. Dei vil samarbeide med Bytunnelsen om arbeidet vidare.