Hilde S. Roksvåg ved Nille på Blåhuset har ikkje tal på kor mange som har spurt etter den rette sorten med lilla lys hos dei. Butikken har nokre få høge lilla lys igjen, men er heilt tomme for den tjukke litt lågare sorten som mange vil ha. Situasjonen er den same over heile Ulsteinvik, berre eit par butikkar har att av dei ettertrakta lysa. – Vi har ringt lageret vårt i Ytre Enebakk, men der er også tomt. Situasjonen er litt fortvilt, seier Hilde S. Roksvåg, som likevel smiler og fortel at dei fleste kundane tek noko av det andre fine dei finn i butikken. – Raude lys har vi mykje av!