Mange hadde møtt opp for å få med seg Paradise-Niklas på Blåhuset. Foto: Anne Gry Eilertsen

Det var nok heller inga hemmelegheit at det var jentene som var i fleirtal då Niklas Vindel (24) entra scena på?kjøpesenteret Blåhuset i Ulsteinvik.

Niklas frå Drammen har vorte rikskjendis etter å ha delteke i TV3-programmet “Paradise Hotel”. I den mykje omtala realityserien skal ei gruppe single menneske bu på eit luksushotell for å konkurrere om å vere der lengst muleg.

Føresetnaden for å vere med vidare er at ein greier å finne seg ein partnar av det motsette kjønn. Står ein utan partnar når den såkalla “parseremonien” står for tur, så ber det rett ut. Gjennom heile serien skjer det overraskingar, nye andlet kjem inn på hotellet og konfliktar oppstår. Det er opp til kvar enkelt kor langt ein er villig til å gå for å verte verande.

Torsdag kveld vart siste episoden av denne sesongens “Paradise Hotel” sendt på TV3. Etter å ha gått ut av serien, men deretter kome inn att, kjempa Niklas og partnaren Thea mot Carl og Tine i finalen. Kjendisen som er på besøk i Ulsteinvik, måtte innsjå at slaget var tapt då det andre paret fekk flest stemmer.

Paradise-Niklas arbeider til dagleg som dagleg leiar i klesbutikken Carlings. Fredag ettermiddag presenterte han sine favorittdufter, gav personlege shoppingråd, og vart styla for fotoshoot. Mange stakk nok lykkeleg av med autografen hans òg.

På førehand kunne dei som ville, levere inn ønskje om å vinne speed-date med kjekkasen. Dette kunne ein gjere på utvalde butikkar på kjøpesenteret. For å verte trekt ut, må ein vere til stades på Hareid Hotel seinare fredag kveld. Der vert det arrangert diskoparty med 18-års aldersgrense. Ti heldige vinnarar får speed-date TV-kjendisen.