Dette kom fram på formannskapsmøtet i Hareid torsdag 14. januar. Anders Riise og Ottar Røyset i Hareid Høgre hadde i brevs form stilt spørsmål til ordførar Hans Gisle Holstad om korleis kommunen hadde tenkt å handtere lovpålegget. – Slik vi ser det er det ikkje tatt høgde for den nye lova i budsjettet for 2010. Hareid kommune har ikkje høve til å drifte eit slikt tilbod åleine. Den einaste sjansen vi har er å knyte oss til senteret i Ålesund, skriv dei to Høgre-politikarane, som poengterer at dei synest det er ei god lov at alle kommunar skal ha eit krisesentertilbod. Rådmann Arne Gunnar Aschehoug kunne under formannskapsmøtet opplyse at han jobbar med ei tilråding som skal vere ferdig til formannskapsmøtet 28. januar. Bystyret i Ålesund gav i desember i fjor rådmannen i Ålesund fullmakt til å greie ut ei sak om eit framtidig krisesenter frå 2011. – Eg vil tilrå at Hareid blir med lem av Sunnmøre krisesenter i år, og at vi deretter blir med på den permanente modellen som Ålesund skal utarbeide frå 2011, sa Aschehoug. Noverande krisesenter i Ålesund er i privat regi, kva det vil bli frå neste år av er førebels uvisst. Den nye lova om krisesenter omfattar både kvinner, barn og menn. Det skal betalast inn kroner 5,50 per innbyggjar, og for Hareid sin del blir summen då på 26.000 kroner. Anders Riise takka rådmannen for svaret, og kjende seg trygg på at kommunen har ein strategi. At Hareid skal drive eit krisesenter i eigen regi ser han på som eit utelukka.
Nyhende →
Hareid blir med i Sunnmøre Krisesenter
Frå 1.1 2010 seier lova at alle kommunar må ha eit krisesentertilbod. Det inneber at Hareid kommune må bake 26.000 kroner ekstra inn i budsjettet for i år.