Vegsalting er noko som engasjerer. 387 har avgitt svar på det nettspørsmålet sist veke: "Tykkjer du det er bra at vegane vert salta?". 57,1 prosent av dei som har svart meiner at vegsalting ikkje er bra, medan dei resterande 42,9 prosenta meiner at salting er bra. Vi held oss innanfor samferdsle denne veka også. Sist veke presenterte teknisk etat i Ulstein planar om ei rundkøyring i det ulukkesbelasta Garneskrysset. Statens Vegvesen hevdar dei ikkje har pengar til eit slikt prosjekt. Men kva meiner du? Støttar du planane om rundkøyring i Garneskrysset? spør vi. Klikk deg inn og svar!