Praksiselevar. Jørn-André Vik (nr.to frå høgre, framme) og Ole-Martin Furø (til venstre for han) fekk god praksis under utplassering ved høvesvis Island Valiant og kystvaktskipet KV Svalbard. Dei andre maritime elevane på bildet som fekk god, lærerik erfaring offshore er Haakon Halaas, Lilli-Eirin Sande Broløkken, Kristoffer Sætre, Torbjørn Strandebø, Gerhard Skorpen, Espen Søvik, Ali Zahreddine, Øyvind Sporstøl, Jørgen Djupvik, Renate Brandsdal og Richard Vestre.

For dei fleste er heldigvis sjøverken noko som går over.

Ole-Martin Furø (Herøy) og Jørn André Vik (Hareid) er to 17-åringar som dette skuleåret er elevar ved Herøy vgs, maritime fag. Begge to gjekk i fjor Vg1 teknikk og industriell produksjon ved same skule.

Maritime fag, matrosfaget, er eit populært studieprogram. Det same kan ein også seie om elevane som velgjer maritime fag, motormann.

- Det var ein fin og lærerik tur, og mannskapet var veldig greie. Ein artig tur og dagane går svært fort når ein er ute til sjøs. Heldigvis hadde eg sjøverk berre ein dag, fortel Jørn André Vik.

- Ombord Island Valiant fekk eg god innføring i korleis eg skal utføre eit arbeid ombord og det var sjølvsagt høg fokus på sikkerheit. Det dreier seg mykje om sikkerheit ute til sjøs, det er berre nøydd å vere slik. Skipet låg i spot-marknaden og vi var i hovudsak i Bergen-området då eg hadde min praksis. Eg fekk også vere med å køyre MOB-båt, noko som var ei artig oppleving å ta med seg, fortel Jørn André.

Jørn André arbeidde på ankerhandteringsfartøyet i fire veker og er full av lovord om si praksistid og nye erfaring.

Topp erfaring å ha med seg

Ole-Martin Furø er ein av dei andre dyktige elevane ved maritime fag. Ole-Martin valde å prøve ut Forsvaret og hadde sin arbeidspraksis om bord KV Svalbard i tre veker, i tillegg til ei veke på ferja som trafikkerer mellom Årvika og Koparnes. Begge deler var topp, i følgje han.

- Det var veldig artig å få vere med KV Svalbard. Med eit mannskap på 50 og der om lag 30 var i alderen 18-25 år, dei fleste menige, så var det eit ungt mannskap. Miljøet ombord er godt. Vi gjekk ved Bjørnøya, midt i mellom Noreg og Svalbard. Der var fiskeriinspeksjonar, vi deltok i havari-øvingar, vedlikehald og mange forskjellige type jobbar. Vi fekk òg oppleve helikopterflygingar på nært hald. Eg har lært mykje om kva som skjer i kvardagen på eit kystvaktfartøy, fortel Ole-Martin.

Både Ole-Martin og Jørn André fekk mange positive tilbakemeldingar på arbeidet dei utførte. Å gjere ein skikkeleg innsats når ein er ute i praksisjobb, meiner dei, er noko som kan vere avgjerande for om ein elev får læreplass dei neste to åra.

- Kva råd og tips vil de gje til elevar som vurderer å studere Vg2 maritime fag etter eit år på anten Vg1 TIP eller Vg1 Elektrofag?

- Det er eit yrke som eg vil anbefale til alle dei som likar sjølivet og som kan tenkje seg ein arbeidsplass ute til sjøs. Arbeidet er variert. Det er viktig å stå på, jobbe hardt og prioriter gjerne engelsk. Engelsk er eit viktig fag, sidan mykje instruksjonar og manualar er på engelsk ombord i fartøyet, seier Jørn André.

- Får du høve til eller tilbod om å prøve Forsvaret, så gå gjerne for det. Eg vil oppfordre fleire til å prøve Forsvaret, er eitt av Ole-Martin sine råd.

Herøy vgs, elevar og lærarar, er takksame for godt samarbeid med lokale reiarlag.

Årets maritime elevar var utplasserte på skip tilhøyrande Remøy Shipping, Rem Maritime, Havila Shipping, Bourbon Offshore, Island Offshore, Olympic Shipping, Farstad Shipping, Color Line og Forsvaret.

- At så mange reiarlag er med og gir våre elevar verdifull læring til sjøs er veldig bra. Vi ønsker også velkomne reiarlaga Sanco og Neptune Offshore når vi dei neste åra skal ha utplassering av elevar, seier lærar ved maritime fag ved Herøy vgs, Bodvar Skrede.