Politiet meiner at ein mann frå Herøy er ein av to hovudmenn i ein stor dopliga. Også ein mann frå Ulstein er tiltalt etter det største dopbeslaget nokon gong i Norge.

Dette skriv Sunnmørsposten laurdag. Politiet har saman med tollvesenet beslaglagd 17 liter flytande steroidar, til ein samla salspris på mellom 12,5 og 25 millionar kroner, noko som er det største i Norge nokon gong.

Herøymannen er saman med dei seks andre tiltala for grove dopbrotsverk med ei øvre strafferamme på 6 år, medan mannen frå Ulstein kan vente seg to års fengsel.

Politiadvokat ved Midtre Hålogaland politidistrikt, Steffen Ravnåsen, seier til Sunnmørsposten at dei trur Herøy-mannen var sentral i innkrevjinga av pengar for dopen.

Anabole steroider er eit sterkt muskelbyggjande stoff og vert seld til kroppsbyggjarmiljø rundt om i Norge.