Aldri har det blitt seld så mykje medikament mot hovudlus i Noreg som no. For å få bukt på luseproblemet er det stifta ei nasjonal foreining mot lus, Lusfri Noreg. Dei vil leie to kampanjar i året. Veke 10 og veke 35 vil dei at alle foreldre skal sjekke borna sine for lus. Lusa smittar frå barnehovud til barnehovud. Ved å teste alle born i skular og barnehage på ein gong, håpar organisasjonen å få bukt på problemet. Grønmyr barnehagar i Ulstein og Hareid hiv seg med i denne kampanjen. Neste veke vil dei dele ut kammar til foreldra som har born i barnehagen. Kvart born får ein kam. Foreldra blir oppmoda til å sjekke borna sine for lus komande helg. Personalet skal òg sjekke seg for lus same helga.

Gameboy-forbod

Jenter mellom seks og ni år toppar statistikken for talet på smitta. Sannsynlegvis kjem det av at dei har langt som heng laust, som lett kjem i nærkontakt med håret til veninner. Under luseepedimiar blir foreldre tilrådd å setje opp håret på småjentene i hestehalar eller fletter. Jenter går ofte nærare kvarandre enn gutane. Men òg gutar kan bli smitta av lus. Då er gameboy, nintendo og andre liknande spel gjerne inne i biletet. Då sit gjerne borna tett inntil kvarandre. Når det har brote ut luseepidemi, kan det vere lurt å la slike leiker liggje att heime, skriv Lusfri Noreg.

Grei ut lusa

Kjemming med vanlege lusekammar fjernar ikkje luseegg. Men kjemming med lusekam avdekkjer om barnet har lus. Og foreldra kan då gjere noko med problemet. Det er ikkje farleg å ha lus, men det kjenst plagsamt med kløinga som oppstår i hovudbotnen.

Tausheitsplikt

Elisabeth Warpe, dagleg leiar i Holstad barnehage, seier det er viktig at foreldra som finn lus seier ifrå til barnehagen. Personalet i barnehagen vil ikkje gå ut med kven som har lus, men sørgje for at dei naudsynte rutinane blir gjennomført for å få bukt på lusa.

Elisabeth Warpe, dagleg leiar i Holstad barnehage, syner fram ein gul lusekam.