Dette opplyste ordførar Anders Riise (H) under Hareid formannskap sitt møte tysdag.

Sjølv om det har vore brei politisk semje om at det planlagde batteribygget langs biloppstillingsplassen på Hareid ferjekai, er skjemmande, og  at ei anna løysing bør kome på plass, har ikkje Hareid kommune fått gehør for protestane sine.  Bygget skulle opp.

REISTE PÅ BESØK TIL PER SÆVIK

Trelast as hadde fått nabovarsel på eit anna alternativ, eit batteribygg  som strekte seg frå sjøen og opp mot fylkesvegen.  Ei  løysing som ville  stenge for planar som Trelast har for framtida.

Oskar Grimstad (Frp.) tok dermed turen til Fosnavåg for å snakke med til styreleiar Per Sævik i Fjord1 og la fram for han kor øydeleggande  begge desse løysingane ville verefor utsikta i Hareid sentrum, og kor massiv protesten var mot plasseringa av bygget.

- Sævik svara meg at dersom vi i Hareid kommune kunne finne ei anna plassering som Fjord 1 var tente med, så burde det vere mogleg å gjere ein snuoperasjon, opplyste Grimstad  under formannskapsmøtet.

SKRIFTLEG STADFESTING FRÅ TRELAST

Etter drøftingar med Trelast as sende styreleiar Bjørn Teigene inn ei skriftleg stadfesting på at selskapet går med på at batteribygget blir plassert på ei fylling nedanfor lagerhallen til Trelast.

- Styret i Trelast meiner det er for gale at turistane som står i ferjekø på Hareid skal sjå rett inn i eit langt og dominerande batteribygg, i staden for å sjå på Sunnmørsalpane og ferjene som kjem inn og ut mologapet, seier Bjørn Teigene.

Nøyaktig plassering av bygget kan han ikkje seie, men ser føre seg at det bør kome så langt som råd inn mot nothenget som høyrer til Tampen-buda.

Der er grunt,  og det skal ikkje store fyllinga til.

Med det første blir det eit møte mellom Hareid kommune, sentrrale personar i  Fjord1 og Trelast.

Batteribygget må vere ferdig til Fjord1 tek over drifta av sambandet Hareid-Sulesund frå 1.1. 2019 med  trei nye batteriferjer.

UTTALE FRÅ ORDFØRAREN:

Ordførar Anders Riise understrekar at endeleg plassering av batteribygget ikkje er avgjort.

- Men det har den siste tida vore ein god dialog med Fjord 1, og vi har blitt samde om nokre hovudlinjer for det vidare arbeidet.