Mannen frå Gurskøy hadde fått fleire åtvaringar om at dersom han ikkje dempa musikken, så ville stereoanlegget bli kverrsett. Men musikken dundra likevel utover nabolaget, slik han også hadde gjort laurdag kveld. Då politiet rykte ut første gongen, var det ikkje ein tone å høyre. Men seinare på natta fekk politipatruljen ei ny melding frå naboar om støyande musikk, og dei køyrde rett til staden. På fleire hundre meters avstand kunne politiet køyre etter musikken. Resultatet var at politiet tok med seg deler av stereoanlegget. I tillett blir det oppretta straffesak for ordensforstyrring på mannen.