Ein forbipasserande tok fleire bilete av rissaren. Vikebladet Vestposten har valt å ikkje setje inn bileta som viser kven gjerningsmannen er. Men fotografen opplyser at han vurderer å melde saka og maile bileta over til Ulstein og Hareid lensmannskontor. – Eg synest slikt hærverk på eit flott tre er heilt unødvendig, kommenterer fotografen. Klokka var ein stad mellom 15.00-16.00 då han kom forbi med fotoapparat og oppdaga kva den unge mannen dreiv på med. – Det var dumt eg ikkje såg han før, og eg synest det er rart at ikkje nokon har prøvd å stoppe han tidlegare, for det var mykje folk i området. Rådhusplassen er 1000-årsstaden til Ulstein kommune, og kastanjetreet er ein pryd for plassen.

Her er nokre av symbola og teksta som er rissa inn i kastanjetreet som er planta på Ulstein kommune sin 1000-årsplass.